Størrelse

Trusopplæring

Institutt for Religion, Livssyn og Kyrkjefag ved Høgskulen i Volda tilbyr to nye emne i trusopplæring for studieåret 2006/07. Begge er retta inn mot barne- og ungdomsarbeid, og kan brukast anten som vidareutdanning eller som del av grunnutdanning i feltet.

Trusopplæring

Institutt for Religion, Livssyn og Kyrkjefag ved Høgskulen i Volda tilbyr to nye emne i trusopplæring for studieåret 2006/07. Begge er retta inn mot barne- og ungdomsarbeid, og kan brukast anten som vidareutdanning eller som del av grunnutdanning i feltet.

Det er eit aukande behov for folk med styrka fagleg kompetanse til å drive trusopplæring innan kyrkjer og organisasjonar. Det har vore etterlyst studiemne som er nyttige for arbeidet. Desse emna er særskilt retta mot dette behovet, men er også nyttige for anna barne- og ungdomsarbeid.

Begge emna kan takast som vidareutdanning, for arbeidarar i kyrkje eller organisasjon, eller t.d. for den som har lærarutdanning frå før.
Dei  kan også innpassast i ulike bachelorgrader, t.d. Bachelor i teologi og kyrkjefag.

Dei to emna er:

Bibel, tru og formidling (15 stp – haust 06)
Emnet skal gi dugleik i bibelbruk i møte med born og unge. Det skal arbeidast dialogisk med bibeltekstene, der det både blir stilt spørsmål til dei, og der tekstene kan stille sine spørsmål tilbake. Slik kan vi forstå meir både av tekstene og oss sjølve. Det skal også arbeidast med andre bibeldidaktiske emne, t.d. med symbol og bilde.

Kristent arbeid med barn og unge (15 stp – vår 07)
Emnet skal gi kunnskap om og faglege føresetnader for kristent barne- og ungdomsarbeid. Vi legg vekt på kunnskap om målgruppa, arbeidsmetodar og ulike former for forkynning.

Det er ikkje knytt studieavgift til emna, men ein må betale ordinær semesteravgift.

Søknadsfrist: 15. juni 2006
Du finn søknadsskjema på www.hivolda.no/sok. Søknadskode 4038.
Du søkjer om opptak til studieprogrammet Vidareutdanning i trusopplæring, 30 stp, og etter ta du har fått studieplass er det valfritt om du fullfører eitt eller begge emna.

Praktiske opplysningar
Studia er samlingsbaserte med to samlingar på 4-5 dagar på kvart emne.

Haustesemesteret har samlingar i veke 35 og 45.
Våremnet blir fastsett til hausten.

Kursleiing
Haust: Bente Afset og Jan Ove Ulstein.
Vår: Asbjørn Simonnes og Jan Ove Ulstein.

Kontaktpersonar
Bente Afset: 70075107, epost Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Asbjørn Simonnes: 70075147, epost Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Jan Ove Ulstein: 70075066, epost Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Studieplanane:
VIDAREUTDANNING I TRUSOPPLÆRING

Plan for vidareutdanning
for tilsette i kyrkjer og organisasjonar,
(og til den som vil kvalifisere seg til arbeid mellom born og unge)

Studietype
Vidareutdanning, del av grunnutdanning.

Studiepoeng: 30
 Rel 127 Bibel, tru og formidling (15 stp)
 Rel 128 Kristent arbeid med barn og unge (15 stp)

Opptakskrav
Generell studiekompetanse. Det er ein fordel å ha bakgrunn frå arbeid mellom born og unge.

Kompetanse
Studiet gir først og fremst kvalifikasjon i arbeid knytt til trusopplæring, religionspedagogikk, barne- og ungdomsarbeid. Emna kan også nyttast som valemne innan eit bachelorstudium (grunnutdanning), t.d. Bachelor i teologi og kyrkjefag. Rel 127 er utarbeidd slik at det ikkje skjer vesentleg overlapping i forhold til bibelfag på grunnutdanninga (Årsstudium i KRL).

Mål med utdanninga
Bidra til meir tilpassa utdanningsopplegg i samband med trusopplæringsreforma og anna relevant kristeleg arbeid. Sjå elles meir konkret til kvar av dei to emna.

Innhald
Sjå emneplanane.

Studieløp
Rel 127 vert arrangert haustsemesteret 2006.
Rel 128 vert arrangert i  vårsemestert 2007.
Det er ikkje eit vilkår at studenten tek begge emna.

Rel 127: BIBEL, TRU OG FORMIDLING

Emnekode
REL127

Omfang (studiepoeng)
15,00

Forkrav
Generell studiekompetanse

Undervisningssemester
Haust

Eksamenssemester
Haust

Mål
Emnet skal gi inspirasjon til, kunnskap om, og dugleik i bibelbruk i møte med barn og unge.

Innhald
Emnet hentar stoff frå fagområda bibelkunnskap, hermeneutikk og didaktikk. Ein vil legge vekt på ein dialogisk tilnærming til dei bibelske tekstene. Emnet tar opp ulike bibeldidaktiske metodar og er særleg utforma med tanke på trusopplæring (jf Trusopplæringsreforma i Den norske Kyrkja). Emnet kan gå inn i relevante bachelorgrader. Det er delt inn i tre deler:

Del 1: I samtale med Bibelen (om lag 5 p)
Gjennom bruk av dialogiske metodar skal vi arbeide med eit utval bibelske tekster og tolkinga av dei.
Del 2: Gamle tekster, moderne menneske (om lag 5 p)
Delemnet fokuserer på spørsmål knytt til moderne menneske sitt møte med bibeltekster.
Del 3: Bibelbruk i møte med barn og unge (om lag 5 p)
Delemnet skal gi kunnskap om, og dugleik i, ulike metodar for bibelbruk i forhold til barn og unge.

Organisering og arbeidsmåtar
Studieemnet er samlingsbasert med 2 samlingar over 4-5 dagar  i haustsemesteret. I tillegg får studentane noko nettundervisning. Undervisninga i samlingane skjer gjennom førelesingar, seminar og individuell rettleiing knytt til skriftlege oppgåver og munnlege framlegg.

Arbeidskrav
For å kunne gå opp til eksamen må studenten
- ha møtt og delteke på dei 2 samlingane
- ha skrive eit individuelt bibeldidaktisk arbeid på 3000 ord. Nærare retningsliner for dette vert gitt av faglærar

Vurdering og eksamen
Avsluttande vurdering skjer på grunnlag av to element:
- det bibeldidaktiske arbeidet nemnt over
- med ei munnleg justering, der spørsmål frå andre deler av pensum er aktuelt
Det vert gitt ein samla bokstavskarakter

Evaluering og kvalitetssikring
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Pensum
Til del 1: I samtale med Bibelen (5 p)
God kunnskap om følgjande tekster og tolkinga av dei: Frå GT – 1 Mos 21 – 36; 5 Mos kap. 5-7; og ei novelle (anten Rut, Ester, Daniel 1-6 eller Jona). Frå NT – Markusevangeliet.
Til tekstene kan nyttast:
Halse, Per: Gudsord og menneskeord, Fagbokforlaget 1998, eller tilsvarande litteratur.
Ommundsen, Åse Marie, ”Mellom barken og veden. Trosopplæringslitteratur : Pådyttet opplæring eller invitasjon til undring?” , Prismet 4 /2005 s. 268-275.
Mogstad, Sverre Dag, ”Fortelling, identitet og erfaring”, i Prismet 1/1996, s. 16-21.
Norderval, Kristin Molland, ”Barnebibelen”, Prismet 1/1996, s. 34-40.
Kompendium om teksttolking, HVO 2006.

Til del 2: Gamle tekster, moderne menneske (5 p)
Bibelbrug & livsoplysning. Bibeldidaktiske overvejelser. Redaktion ved Birgitte Thyssen. Fredensberg: Religionspædagogisk Center 1997, (ca. 200 s).
Mogensen, Kai, ”Jesu fortælling og fortællingen om Jesus – fra hermeneutikk til didaktikk”, i J. Nisse og H. Simonsen, red., Teologi og kirke, Valby: Unitas Forlag 1986, s.147-168.
Stålset, Sturla J., ”Å lære seg å bli barn? Om barneteologi og trosopplæring”, Prismet 1/2004, s.4-13.
Henriksen, Jan-Olav, ”Livets tekst og tekstens liv – om tekstlesing og identitetsdannelse”, i Prismet 1/1996, s. 22-27.

Til del 3: Bibelbruk i møte med barn og unge (5 p)
Birkedal, Erling,”Dåpsopplæring i praksis – ideal og realiteter.” I Per M. Aadnanes (red.): Kyrkjeleg undervisning og utdanning. Ein konferanserapport. Kyrkjefag Profil 3. Trondheim: Tapir 2003, s.17-26.
Danielsen, Ruth, Kulturbærende fortellinger, barn og skole. 3. utg. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag, 2004. s.13-98; 139-220.
Harbo, Sigmund: ”Dåpsopplæring som totalformidling. En presentasjon av visjonene bak NOU 2000:26”. Prismet 1/2003, s. 113-119.
Malterud, Hege m.fl., Barn og gudstjeneste. Om hel deltagelse. Stavanger: Cantando Musikkforlag; Oslo: Norges KFUK-KFUM, 2004, (192 s.)
Mogensen, Kai, ”Symbolundervisning: Didaktikk til kristendomsfaget”, Prismet 2/1990, s. 64-72.
NOU 2000:26, ”Til et åpent liv i tro og tillit. Dåpsopplæring i Den norske kirke, s.17-63.
Stubø, Ingebjørg, ”Ord og bilde i samspill. Bibelfortellinger og illustrasjoner i det flerkulturelle klasserommet”, Prismet 3/2005, s. 215-230.

Anbefalte handbøker:
Skottene, Ragnar, Kristne symboler, Verbum 2002.
Kunsten å være kyrkje: om kirke, kunst og kultur, Kulturmelding for Den norske kyrkje, Kirkerådet, Verbum: Oslo 2005.
Bibelordbøker og Bibelsk atlas.
(til saman ca 1100 sider. Litteraturliste vert justert før studiestart)

Rel 128: KRISTENT ARBEID MED BARN OG UNGE (15 p)

Nivå: 100.

Opptakskrav
Generell studiekompetanse. Bakgrunn i barne- og ungdomsarbeid er ein fordel.

Mål
Emnet skal gi kunnskap om kristent barne- og ungdomsarbeid, og faglege føresetnader for praktisk arbeid mellom barn og unge i ulike samanhengar.

Innhald
Emnet vil vere relevant for arbeid innan trusopplæringsreforma, og kan inngå i relevante bachelorgrader.

Del 1: Målgruppa (om lag 5 stp)
- Innføring i barne- og ungdomspsykologi
- Den sosiokulturelle konteksten
Del 2: Arbeidsformer i barne- og ungdomsarbeid (om lag 5 stp)
- Faglege perspektiv på barne- og ungdomsarbeid
- Ulike former i barne- og ungdomsarbeid, teori og praksis
Del 3: Forkynning for born og unge (om lag 5 stp)
- Forkynning for born og unge
- Ulike former for formidling, ulik arenaer
-  Innføring i trusopplæringsreforma


Organisering og arbeidsmåtar
Studiemnet er samlingsbasert med to samlingar på 4-5 dagar i vårsemesteret. Undervisninga på samlingane skjer gjennom førelesingar, seminar og individuell rettleiing. I tillegg får studentane noko nettundervisning. Ei oppgåve kan bli knytt til eit barne- og ungdomsprosjekt i samarbeid med relevante organisasjonar.

Arbeidskrav
For å kunne gå opp til eksamen er kravet
- obligatorisk frammøte til samlingane
- anten deltaking i prosjekt med prosjektrapport på 2000 ord,
 eller ei oppgåve retta mot praksis på 3000 ord.

Vurdering og eksamen
Avsluttande vurdering skjer på bakgrunn av
- anten praksisrapport eller oppgåve
- ein todagars heimeeksamen 
Det vert gitt ein samla bokstavkarakter der oppgåva tel ein tredjedel og den skriftlege prøva to tredjedelar.

Evaluering og kvalitetssikring
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.


Pensum/Aktuell litteratur

Til del 1
Oddbjørn Evenshaug og Dag Hallen: Barne- og ungdomspsykologi.. 4. reviderte utgave.  Oslo: Gyldendal akademisk, 2000. (s. 52-83; 108-147; 162-181; 196-239; 279-394).
Gudmund Gjelsten og Asbjørn Simonnes: Å vekse opp i eit mediesamfunn. Identitet, toleranse, kommunikasjon i oppsedinga. Oslo: Samlaget. (s. 164-197)
Jan Ove Ulstein (red.): Ungdom i rørsle 2. Faglege perspektiv og utfordringar. Kyrkjefag Profil 6. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2005. (Artikklar av Hjertenæs, Birkedal, Østergaard)

Til del 2
Barnet og Gud. Prismet 1/2004.
Ragnhild Holte og Geir Hegerstrøm (red.): Himmel over livet. Forkynnelse for barn i en ny tid. Oslo: IKO-forlaget 2000. (Bjerkestrand, Rummelhof, Slettevold, Gjefsen)
Robert W. Kvalvåg (red.): Spor av Gud i ungdomskulturen. Temahefte, Prismet 2/2004.
Helje Kringlebotn Sødal: Forandring fryder? Endringar i tre kristne ungdomsgrupper i Kristiansand 1984-2004. I  Pål Repstad/Jan-Olav Henriksen (red.): Mykere kristendom? Sørlandsreligion i endring. Bergen: Fagbokforlaget 2005, s.66-90.
Jan Ove Ulstein (red.): Ungdom i rørsle 1. Aktørar og arbeidsformer. Kyrkjefag Profil 5. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2005. (Artiklar av Ulstein, Fylling, Kvaal)
Jan Ove Ulstein (red.): Ungdom i rørsle 2. Faglege perspektiv og utfordringar. Kyrkjefag Profil 6. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2005. (Artiklar av Aadnanes, Strand/Steffensen, Simonnes, Eltvik, Nesje, Fauske, Ulstein, Høgh, Brunstad, Henriksen, Engedal, Breivik)

Til del 3
Hilde Barsnes m.fl.: Vil du meg noe? Forkynnelse for ungdom. Oslo: IKO-forlaget 2004. Ragnhild Holte og Geir Hegerstrøm (red.): Himmel over livet. Forkynnelse for barn i en ny tid. Oslo: IKO-forlaget 2000.
Jan Ove Ulstein (red.): Ungdom i rørsle 1. (Artiklar av Baden, Theis, Eltvik, Skogen, Schøien og Grevstad)
NOU 2000:26, ”Til et åpent liv i tro og tillit. Dåpsopplæring i Den norske kirke, s.17-63.
Erling Birkedal: Dåpsopplæring i praksis – ideal og realiteter. I Per M. Aadnanes (red.): Kyrkjeleg undervisning og utdanning. Ein konferanserapprt. Kyrkjefag Profil 3. Trondheim: Tapir 2003, s.17-26.
Sigmund Harbo: Dåpsopplæring som totalformidling. En presentasjon av visjonene bak NOU 2000:26. Prismet 1/2003, s.113-119.

Ca 1100 sider til saman.
Litteraturlista vert justerte før studiestart.














































































































Her kan du lese mer om Høgskolen i Volda